Gåvekort til gode opplevingar

Den perfekte gåva til den som har alt! Gåvekortet kan nyttast i samband med konsert og matopplevingar på Rudi Gard.

Gåvekortet kan du enkelt kjøpe her, og det kjem tilsendt på e-post på minuttet.

Darčeková karta
"Drikke og be" med Brøndbo Plassen / Thorud / Rudi

Synnøve Brøndbo Plassen, Geir Marius Thorud og Øystein Rudi tek oss med på ei musikalsk vandring gjennom slåttar, salmar og stev frå Gudbrandsdalen og traktene omkring.

Št 22. Október 2026 19:00 +0200 @ Rudi Gard
‘N Jalmar og é – forskjellige, men like læll?

I 40 år har Håkon Sveen og ‘n Jalmar følgt kvarandre. No, like før Håkon rundar 80, gjer han opp status for venskapet.

St 4. November 2026 19:00 +0100 @ Rudi Gard
Dance With A Stranger

Dance With A Stranger gjer nokre utvalde spelejobber hausten 2026, og Rudi Gard er ein av desse!

St 18. November 2026 20:00 +0100 @ Rudi Gard
Vintersong med Sigrid Moldestad & HazeliusHedin

Sigrid Moldestad, Esbjørn Hazelius og Johan Hedin er kvar for seg kjende som sterke formidlarar på den nordiske folkemusikkscena. Hazelius og Hedin er blant sveriges største folkemusikkstjerner, og med ei ekstra nerve i samspelet berører dei sterkt. Dei turnerer stadig, gjev ut plater og har eit stort nordisk publikum. Det same gjeld Sigrid Moldestad, som også har fleire plater bak seg og er kjent for sterk formidling og rørande sanger.

Pi 4. December 2026 19:00 +0100 @ Rudi Gard
Julekonsert med Fozzajazz

Swingande jul med Fossajazz

So 5. December 2026 19:00 +0100 @ Rudi Gard
Jul med Valdresmål og Meining 2026: Rudi Gard

For femte året på rad inviterer Gaute Lein Ausrød, Ørnulf Juvkam Dyve, Lars Isachsen Jemterud og Kasper K. Dyve til juleturné. Eit femårsjubileum fortener ei feiring med bravur, og det lovar dei å levere. Denne førjulstida skal bli ingenting anna enn magisk.

Velkomen til konsert!

Pi 18. December 2026 19:00 +0100 @ Rudi Gard
Åge Alene [UTSELD]

Åge Aleksandersen inviterer til ein personleg solokonsert der songane, historiene og mennesket bak dei står i sentrum.

So 13. Február 2027 19:00 +0100 @ Rudi Gard
Åge Alene - Ekstra [UTSELD]

Då billettane til Åge Aleksandersen-konserten forsvann på sju minutt, ville vi gje fleire sjansen. No inviterer Åge til ein ekstra solokonsert i låven på Rudi, ein nær og personleg kveld der songane, historiene og mennesket bak dei står i sentrum.

Ne 14. Február 2027 19:00 +0100 @ Rudi Gard
page view image

Rudi Gard

Ulica : Rudivegen 40
Mesto : Gudbrandsdalen