Jul med Valdresmål og Meining 2026: Rudi Gard

For femte året på rad inviterer Gaute Lein Ausrød, Ørnulf Juvkam Dyve, Lars Isachsen Jemterud og Kasper K. Dyve til juleturné. Eit femårsjubileum fortener ei feiring med bravur, og det lovar dei å levere. Denne førjulstida skal bli ingenting anna enn magisk. Velkomen til konsert!

page view image
Dátum podujatia

Piatok 18 Dec 2026 19:00

Končí Sobota 19 Dec 2026
objednať

Ak máte promo kód, použite ho tu

Dostupné položky

event image

Informácie o podujatí

Vi opnar garden klokka 17, så kom gjerne tidleg, finn deg ein plass framfor peisen og senk skuldrene. Kaféen held ope med varm bakst, kryddergløgg og anna godt i glaset. Etter konserten dekker vi på til raus førjulsmiddag i Rudifjoset. Bestill bord når du kjøper billett, så held vi av plass til deg. Vel møtt til ein heil kveld med musikk, mat og julestemning på Rudi Gard!


Program

Kl. 17.00 – Ope gard og fyr i peisen
Kl. 18.30 – Innslepp i salen
Kl. 19.00 – Konsertstart
Etter konserten – Førjulsmiddag i Rudifjoset (bestill bord på førehand)
Låvebaren held ope for dei som vil la kvelden vare litt til!


Førjulshelsing frå Valdres

Denne jula feirar Jul Med Valdresmål og Meining fem år. Då vi starta dette som eit prøveprosjekt i 2022, var spenninga stor. Fleire av oss var litt skeptiske då Gaute meinte vi skulle spele ti konsertar i ti ulike kyrkjer i Valdres. Det verka litt hårete, men vi vart samde om å gi det eit forsøk. Responsen var utruleg, og gleda vi sat att med romjula 2022, kan vi samanlikne med gleda til eit barn på julaften.

Etter at vi hadde fått summa oss eit par månader, vart vi samde om at dette måtte vi gjere ein gong til. Ti konsertar vart til tolv, framleis rundt om i dei nydelege kyrkjene i Valdres. Alle gode ord frå publikum og seksarar på terningen frå ei samstemt presse gjorde ikkje euforien noko mindre. Dette måtte jo bli ein tradisjon…

Og tradisjon vart det. For tredje året pussa vi skoa og pressa dressen. Vi skulle ut på tur igjen, denne gongen til og med over fjellet til nabodalen. Gudbrandsdalen og vakre Rudi Gard stod for tur. Dette markerte eit skifte for turneen. Vi ville ikkje berre spele i Valdres. Vi ville ta med konserten på morsdialekten vidare ut i landet.

I fjor besøkte vi Nordsinni og Bråstad utanfor Gjøvik. Og då responsen viste seg å vere like god utanfor Valdres, bestemte vi oss fort for å gjere meir av det. Fjorårsturneen var eit stort høgdepunkt. Om vi skulle nemnt alt, ville lista rett og slett blitt for lang. Minna frå desse fire åra er mange, og vi er klare til å skape nye.

Det er med stor takksemd og mykje speleglede at vi pakkar turnébilen og reiser ut på vegen for femte gong. I bagasjen har vi både heilt nye låtar og nokre gamle favorittar frå dei fire føregåande åra. I tillegg er det vel store sjansar for at Ola i Svingen har nye sprell på gang. Mange er vel spente på fortsettelsen i historia mellom Ola og Marit?

Vi ønskjer dykk alle ein fin haust og gler oss stort til å ta imot dykk når jula nærmar seg.

Førjulshelsing frå Gaute, Ørnulf, Lars, Kasper, Stig og Tor!

Vyhlásenie

Kjøpte billettar refunderes ikkje.

Štítky

julekonsert
valdres
valdresjul
valdresmål
rudi gard
Organizátor
Rudi Gard
Odoslať objednávku