Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Vi byr på rakfisk, sylt, lefse og andre smaker som høyrer til i førjulstida, og alle som kjem denne kvelden får bord i Rudilåven. Matgildet tek til kl. 19.
Når vi er mette og gode kjem Kvarts på scena. Dei har 27 år i lag som gruppe, og har vore med på mykje - både åleine og saman med kjende norske artistar i ulike sjangere. Til dagleg er Tom Willy Rustad, Jo-Asgeir Lie, Erlend Styve og Øystein Rudi aktive i mange roller i kulturlivet, og slikt blir det gode historier av. Nokre av desse får du høyre, som krydder til musikk frå alle landsdelar og vel så det.