Såmmårfest med Hillbabies og VON

Ein skikkeleg forsommarfest med Hillbabies og VON er tradisjon, og også i år gjester dei Rudilåven med drivande folkeleg rock’n roll denne første laurdagen i juni.

06.06.2026 21:00 @ Rudi Gard
Sommarkonsert med VAMP

«Hundrevis av songar om det å vera menneske. Om kjærleik og sorg, mytar og skrømt, ærlighet og svik, døden og livet. Og om havet.»

Slik beskriv VAMP seg sjølv, og det er vanskeleg å gjera det betre. Bandet frå Haugesund har levert sidan 1991, og i sommar kjem dei endeleg attende til gards med melankolien i sekken og humoren på lur.

Velkome!

18.07.2026 19:00 @ Rudi Gard
Dølarockens festkveld 2026

Dølarockens festkveld er fast innslag i sommaren på Rudi Gard. I år med Different Eagles, Fem modige menn og Baksia. Dølarock er fellesarv med fanskare frå dei yngste til dei eldste, og med eit stort felles repertoar er det ikkje langt etter allsang og glede.

08.08.2026 21:00 @ Rudi Gard
Elvis! Med Ole Jonny Bekkemellem, Tina Lie og husbandet til Bergen Elvis Fest

Elvis! I 2025 var det 90 år sidan Elvis vart født, i år går storfilmen EPiC sin seiersgang på kino, og Elvis er på scener landet over. Musikken til Elvis Presley og hans musikalske arv står i høgsetet. Det blir historier, det blir Rock‘n roll, med inspirasjon både frås gospel, countrymusikk og rhythm & blues.

20.08.2026 20:30 @ Rudi Gard
Nygaardfestivalen 2026 - Til P. A. Røstad Gammeldansorkester si ære!

Oddvar Nygaard var den fremste trekkspelaren i Gudbrandsdalen i si samtid. Frå starten dyrka han eit breitt repertoar med underhaldningsmusikk og klassiske verk, og han etablerte slåttestilen innan gamaldansen. Til stor jubel, stappfulle hus, Spellemannspris og heider og ære. Det skulle berre mangle om ikkje Oddvar vart heidra med ein eigen festival i heimbygda, og her er den.

21.08.2026 19:00 @ Rudi Gard
Jonas Fjeld setter bagen fra seg

Jonas Fjeld var første gong på Rudi i 2001, og han er den artisten med flest konsertar i Rudilåven. Når han no truer med å setja bagen frå seg er det klart vi ønskjer ekstra velkomen!

16.09.2026 20:30 @ Rudi Gard
Vintersong med Sigrid Moldestad & HazeliusHedin

Sigrid Moldestad, Esbjørn Hazelius og Johan Hedin er kvar for seg kjende som sterke formidlarar på den nordiske folkemusikkscena. Hazelius og Hedin er blant sveriges største folkemusikkstjerner, og med ei ekstra nerve i samspelet berører dei sterkt. Dei turnerer stadig, gjev ut plater og har eit stort nordisk publikum. Det same gjeld Sigrid Moldestad, som også har fleire plater bak seg og er kjent for sterk formidling og rørande sanger.

04.12.2026 19:00 @ Rudi Gard
Jul med valdresmål og meining

Jul med valdresmål og meining debuterte utanfor Valdres i førjulstida 2024. Rudi Gard var første stopp utanfor eige dalføre, og det vart ein braksuksess.

18.12.2026 19:00 @ Rudi Gard
page view image

Rudi Gard

Gate : Rudivegen 40
By : Gudbrandsdalen