Frå Brumunddal til Nidaros: Tre karer — tre klubber — tre kyrkjer. Med Per Arne Dahl, Lewi Bergrud og Thor Erik Fjellvang
I vinter legg ein prest, ein songar og ein pianist ut på ei vekes reise der dei skal snakke, og syngje, om sårbarheita si kraft. Tekstene blir framførte av den folkekjære presten og forfattaren Per Arne Dahl. Det musikalske blir skapt av Lewi Bergrud og Thor Erik Fjellvang, teamet bak «Salmer på pøbb», konseptet som har fylt konsertsalar og pøbbane over heile landet.
Reisa startar i Brumunddal kyrkje og held fram oppover dalen i samlande lokale som folk har eit særleg forhold til. Reisa blir avslutta i Nidarosdomen - ein katedral, eit unikt pilegrimsmål, ein heim, eit mål og eit heilagt rom.
Ingen av oss kjem gjennom livet utan å få skrubbsår. Men nåda si kraft til å skape på nytt gjeld alle. Jan Erik Vold kalla essayet sitt om den svenske Nobelpris-vinnaren Tomas Tranströmer «Ramma av nåde». Målet, og overskrifta, for denne turneen er nettopp dette: å ramme publikum med nåde frå Brumunddal til Nidaros.