page view image

Nygaardfestivalen 2026 - Til P. A. Røstad Gammeldansorkester si ære!

Oddvar Nygaard var den fremste trekkspelaren i Gudbrandsdalen i si samtid. Frå starten dyrka han eit breitt repertoar med underhaldningsmusikk og klassiske verk, og han etablerte slåttestilen innan gamaldansen. Til stor jubel, stappfulle hus, Spellemannspris og heider og ære. Det skulle berre mangle om ikkje Oddvar vart heidra med ein eigen festival i heimbygda, og her er den.

Information
event image

Fredag 21. august

Kl 20.00 Allspel med Trønderlåtar - for alle som vil henge på. 

Delar av repertoaret til Hilmar og PA har vorte allemannseige, og vi starter kvelden med ei skikkeleg allspel-økt der alle er velkomne til å vera med!

Kl 21.00 Dans til påmeldte grupper og lag


Laurdag 22. august - Festivaldag med konsertar, historier og dans.

Kl 12.00 Formiddagsdans i Rudilåven 

Formiddagsdans med moglegheiter for gode tips frå nokre av landets aller fremste dansarar

Kl 14.00 Lær ein låt av Petter A Røstad. 

Samspelstund der P. A. Røstad jr lærer bort minst ein låt frå trønderrepertoaret, og også fortel om særtrekk ved trøndergammaldansen.

Kl 16.00 Ungdomskonserten 

Det kryr av unge som spelar! Konsert med utøvarar under 25 år. Alle instrument og solistar og grupper er velkome. Programleiar er Even Luseter 

Kl 19.00 Festkonsert for P. A. Røstads Orkester

 19.00 P.A. Røstads orkester

19.40 Pause

20.00 Påmeldte grupper til ære for årets heidersgjester.  

Kl 21.00 Dans til påmelde grupper og lag 

 

Søndag 23. august kl 12.00

«Spelmannsmesse i Sør-Fron kyrkje»

Ei skikkeleg spellemannsmesse i Sør-Fron kyrkje har etablert seg som ei fin avrunding på festivalen. I år medverkar P. A. Røstads orkester og fleire festivaldeltakarar i fellesnummer til innleiing og avslutning. Det blir trekkspel i koret, og trekkspel på galleria, organist Sergey Shulga er med, og saman vil dei løfte taket av Gudbrandsdalsdomen.

Gratis inngang


Vi inviterer til spel og dans, campingliv og natterangling – om du vil!

nygaardfestivalen rudi gard p. a. røstad gammeldansorkester