Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Oddvar inspirerte og var kjend med mange, og festivalen skal også heidre andre markante tradisjonsbærarar. I 2025 er det Jon Faukstad som står i fokus.
Jon har vore fulltidstrekkspelar heile sitt vaksne liv. Det er i år 60 år sidan han hadde sin radiodebut. Etter det har han vore å sjå og høyre utallige gonger i NRK. Han begynte å spela til dans som 14-åring, etterkvart også med felespelarar, inspirert ikkje minst av Oddvar Nygaard og hans kvartett. Men Jon interesserte seg også for klassisk musikk, og han tok utdanninga si i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo, og i klassisk trekkspel ved Det Kgl. Danske Musikkonservatorium i København. Han har reist verda rundt, både med og utan trekkspel og vart vår fyrste professor i trekkspel ved Norges musikkhøgskole. Pedagogen Jon Faukstad har han forma ei lang og glitrande perlerad av trekkspelarar. Mange av desse får vi møte denne helga.
Fredag blir det jubileumskonsert for Fron Trekkspelklubb, og dans til påmeldte grupper. Laurdag blir det formiddagsdans, allspel, samtalekonsert, boklansering, ungdomskonsert og festkonsert og dans i to etasjar av Rudilåven. Søndag avsluttar vi helga med spelmannsmesse i Sør-Fron kyrkje.
Vi inviterer til spel og dans, campingliv og natterangling – om du vil!
Les meir: https://www.rudigard.no/nygaardfestivalen