Karusellskapssyk - Øystein Sunde og Meget i Sløyd
Etter 36 forestillinger på Chat Noir høsten 2021, tek Øystein Sunde med seg forestillinga «Karusellskapssyk» ut på tur. Med på laget har han Meget i Sløyd, nokre av dei aller beste bluegrass-musikarane på denne sida av Atlanteren.
Etter Chat Noir har det kome nye songar seglande, får vi vite, og visesongaren er tydeleg oppstemt og selskapssjuk i høve til det nye stoffet. Det blir skråblikk på alt vi held på med til dagleg, nokre gjenhøyr med songar og historier frå eit langt liv på scena og i studio. Og sjølvsagt eit nytt kapittel i «Soga om Harald Jordfreser».
Øystein Sunde si solokarriere starta i 1966 på Dolphins viseklubb i Grensen 18 i Oslo. «Det var ein klubb full av entusiastiske nybegynnarar i slutten av tenåra. Du fekk sitje på ein barkrakk og syngje tre songar, og så var det nestemann opp,» seier Sunde om denne tida. Etter fire år på barkrakken kom den første plata, og då tok karrieren verkeleg fart.
I dag kan Sunde sjå attende på meir enn femti år med plateutgivingar, suksessrike show, TV-produksjonar og samarbeid med dei fremste i norsk underhaldning, Ingrid Bjørnov, Gitarkameratene, Halvdan Sivertsen, Eldar Vågan, Dizzie Tunes & Grethe Kausland, Hege Schøyen og Vazelina Bilopphøggers, for å nemne nokre.
Velkomen til ei ny forestilling med Øystein Sunde!