page view image

Elvis! Med Ole Jonny Bekkemellem, Tina Lie og husbandet til Bergen Elvis Fest

Elvis! I 2025 var det 90 år sidan Elvis vart født, i år går storfilmen EPiC sin seiersgang på kino, og Elvis er på scener landet over. Musikken til Elvis Presley og hans musikalske arv står i høgsetet. Det blir historier, det blir Rock‘n roll, med inspirasjon både frås gospel, countrymusikk og rhythm & blues.

Information
event image

I 2025 er det 90 år sidan Elvis vart født. Det må vi feire, og vi gjer det i lag med Bergen Elvis Fest! Bli med på ein kveld der den unike musikken til Elvis Presley og hans musikalske røtter og arv står i høgsetet. Elvis skal ha sagt at “The only music that really arouses me other than rock ‘n’ roll is gospel.” Han var også tett på både countrymusikk og rhythm & blues. Difor er musikken til Elvis eit mangfald av musikkstilar og dette mangfoldet kan du oppleva denne festkvelden til Elvis si ære. 

Ole Jonny Bekkemellem og Tina Lie er båe velkjende vokalistar frå Gudbrandsdalen, med lang fartstid og store merittar.

Frå Voss og Bergen kjem nokre av landets mest meritterte Elvis-tolkarar. Dei er backing for stjerneartistar ved Bergen Elvis Fest, og har eit fantastisk sound:

Berit Håpoldøy – sang og gitar

Erlend Styve – sang og gitar

Lars Hammersland - bandleiar og tangentmann

Kai Taule – sang og bass

Einar Olsson – sang og trommer

Elvis – «He was a bundle of energy, set to music, and that echo will never die…» 

elvis rudi rudigard bergenelvisfest rocknroll