Velkomen - Finn Tokvam

Med seksere på terningen og ei enorm oppslutning både heime i Bergen og landet rundt kjem endeleg Finn Tokvam til Gudbrandsdalen. Vi får oppleva humor og skråblikk frå ein sterk vestnorsk stemme.

page view image
Evenemangsdatum

torsdag 11 sep 2025 19:00

avslutas torsdag 11 sep 2025 23:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

Ordinær
Student / Under 18år
event image

Evenemangsinformation

Finn Tokvam kjem frå Flåm i Sogn men arbeidar og bur i Bergen. Han er humorist, kåsør, programleiar, journalist, forfattar og artist, og jobbar i spennet mellom fagjournalistikk og rein underhaldning. Finn blei tildelt Målprisen frå Noregs Mållag i 2008. Han har 20 års røynsle frå TV i program som P:I:L:S og Radio Røynda på NRK, og har dei seinare åra vore gjest på Nytt på Nytt og fleire gongar i panelet til Brille. Finn har vore spaltist og kåsør i Bergens Tidende, hatt sitt eige talkshow Folk & Finn og er ein velkjent vokalist i populærorkesteret Finn-Erix. I 2005 debuterte han som forfattar med romanen Tyl (Samlaget) saman med Halvor Folgerø. Dei to har også skrive biografien om Ragnar Hovland - Ler dei no så har eg vunne. Finn har dei siste åra skrive fleire tekstar for scenen og teater, og omsett ein rekke songtekstar og verk, mellom anna musikalen Min venn Fascisten. Hausten 2020 debuterte han med sitt første teatermanus Vestland Vestland som vart spelt på Teater Vestland og Det Vestnorske Teatret.


Hausten 2024 gjekk han endeleg på scenen med sitt første soloshow Velkomen. Framsyninga blei svært godt motteke av både publikum og presse, med terningkast seks i Bergens Tidende.

Taggar

finntokvam
målprisen
noregsmållag
humor
kåseri
velkomen
Arrangör
Rudi Gard