page view image

Åge Alene

Åge Aleksandersen inviterer til ein personleg solokonsert der songane, historiene og mennesket bak dei står i sentrum.

Information
event image

Billettsalget opnar fredag 16.10 kl. 09.00.

I 2027 gjer Åge eit avgrensa tal konsertar i dette formatet. Åleine på scena, med gitarar og andre instrument, og med eit utval songar frå heile karrieren, gir han publikum ei nær og konsentrert oppleving. Songane blir framførte akustisk, med plass til nyansane, detaljane og tekstane som ber dei.

Like mykje som ein konsert er dette ein kveld for forteljingane. Mellom songane deler Åge refleksjonar og erfaringar frå eit langt liv som songskrivar. Møte med menneske har alltid vore ei drivkraft i det han skriv, som inspirasjon, utgangspunkt og retning, og publikum får høyre korleis og kvifor songane vart til.

Dette er Åge Aleksandersen i sitt mest direkte format, der musikken, historiene og møtet med publikum får den plassen dei fortener.

Program for kvelden:

Kl. 17.00 – Ope gard. Fyr på peisen i Rudifjoset, opne barar og god plass til å sitje.
Kl. 18.30 – Innslepp i salen.
Kl. 19.00 – Konsertstart.

Etter konserten – Kålkalas i Rudifjoset. Ope bar med alle rettigheiter utover kvelden.

åge aleksandersen åge alene rudi gard

Ansvarsfriskrivning

Vi refunderer ikkje kjøpte billettar.