Bjørn Eidsvåg med band

Etter eit halvt århundre i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkliv, og i ei årrekkje har han spelt om lag 80 konsertar kvart einaste år, i alle krikar og krokar av landet. Denne kvelden kjem endeleg han attende til Rudi Gard!

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Bjørn Eidsvåg er ein av våre mest folkekjære artistar. I 2024 fylte han 70 år med eit fullsett Oslo Spektrum, og suksessen har halde fram med jubileumsturneen «Ingen vei tilbake», som har gått for fulle hus over heile landet.

I TV2-programmet «Hver gang vi møtes» sette Bjørn seerrekord, og Emma Steinbakkens versjon av «Floden» blei den mest spelte låta på Spotify i Noreg i 2023. Inspirert av suksessen har Bjørn samarbeidd med stjerneprodusenten Carl Viktor Guttormsen og gitt ut EP-en «Folk flest er snille», som VG trilte ein femmar for.

Med sin unike evne til å fornye seg og treffe publikum, er Bjørn klar for å innta festivalscenene. Sikre deg billett til ein kveld med sterke låtar, lun humor og nærleik – dette vil du ikkje gå glipp av!

Tags

bjørn
eidsvåg
Organizer
Rudi Gard