Vintersong med Sigrid Moldestad & HazeliusHedin
Sigrid Moldestad, Esbjörn Hazelius og Johan Hedin er kvar for seg kjende som sterke formidlarar på den nordiske folkemusikkscena. Hazelius og Hedin er blant sveriges største folkemusikkstjerner, og med ei ekstra nerve i samspelet berører dei sterkt. Dei turnerer stadig, gjev ut plater og har eit stort nordisk publikum. Det same gjeld Sigrid Moldestad, som også har fleire plater bak seg og er kjent for sterk formidling og rørande sanger.
Vi opnar garden klokka 17, så kom gjerne tidleg, finn deg ein plass framfor peisen og senk skuldrene. Kaféen held ope med varm bakst, kryddergløgg og anna godt i glaset. Vel møtt til ein heil kveld med musikk, mat og julestemning på Rudi Gard!
Program
Kl. 17.00 – Ope gard og fyr i peisen
Kl. 18.30 – Innslepp i salen
Kl. 19.00 – Konsertstart
Etter konserten – Førjulsmiddag i Rudifjoset (bestill bord på førehand)
Låvebaren held ope for dei som vil la kvelden vare litt til!
Konserten
I konserten «Vintersong» skaper dei varm julestemning med nyckelharper, hardingfeler, gitarar og stemmer. Tradisjonelle julesongar frå det fellesnordiske repertoaret, energisk samspel, eigne viser og historier. Trioen har turnert med julekonsert saman i fleire år både i Norge og Sverige.
Sigrid Moldestad - song, hardingfele, fele
Esbjörn Hazelius - cittern, gitar, fele, song
Johan Hedin - sopran- og oktavnyckelharpe, cittern, song
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje.