Sommarkonsert med VAMP
«Hundrevis av songar om det å vera menneske. Om kjærleik og sorg, mytar og skrømt, ærlighet og svik, døden og livet. Og om havet.»
Slik beskriv VAMP seg sjølv, og det er vanskeleg å gjera det betre. Bandet frå Haugesund har levert sidan 1991, og i sommar kjem dei endeleg attende til gards med melankolien i sekken og humoren på lur.
Velkome!
VAMP er eit av Noregs mest elska og varige band. Sidan dei debuterte i Haugesund i 1991 har dei gitt ut over 13 studioalbum, hausta fem Spellemannprisar og selt nærare ein million plater. Musikken deira er rotfesta i norsk folkemusikk og lyrikk, men alltid med eit moderne og levande uttrykk.
Frå «Godmorgen, søster» i 1993 til «Liten fuggel» og vidare har bandet stadig funne nye vegar inn i det norske musikklandskapet. VAMP er Øyvind Staveland (fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspill), Odin Staveland (trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspill), Jan Toft (vokal, gitar), Lars Eirik Støle (orgel, piano, synther, trekkspill, kor) og Kjetil Dalland (bass, kor)