page view image

Nygaardfestivalen 2026 - Til P. A. Røstad Gammeldansorkester si ære!

Oddvar Nygaard var den fremste trekkspelaren i Gudbrandsdalen i si samtid. Frå starten dyrka han eit breitt repertoar med underhaldningsmusikk og klassiske verk, og han etablerte slåttestilen innan gamaldansen. Til stor jubel, stappfulle hus, Spellemannspris og heider og ære. Det skulle berre mangle om ikkje Oddvar vart heidra med ein eigen festival i heimbygda, og her er den.

Informasjon
event image

Fredag 21. august

Kl 19.00 Oddvars gåmmåldanspøbb opnar 

Kl 20.00 "Stryssa og strussin" - intimkonsert med Silja Lid Strysse og Sime Håland

Kl 21.00 Konsert med Kristina Farstad Bjørdal og Jorunn Marie Kvernberg

Kl 22.00 Dans til P. A. Røstads orkester og andre påmeldte grupper og lag


Laurdag 22. august - Festivaldag med konsertar, historier og dans.

Kl 09.00 Frokost i Rudilåven (Påmelding). 

Kl 12.00 Formiddagsdans i Rudilåven til P. A. Røstads Orkester

Årets heidersgjester spelar opp til formiddagsdans. Dans som du kan, eller få gode tips frå nokre av landets aller fremste dansarar.

Kl 14.00 Lær deg folkemusikkliturgien i Sør-Fron kyrkje

Jo Asgeir Lie leiar økta, og songarar blir også med. Ope for publikum.

Kl 14.00 Lær ein låt av Petter A Røstad. 

Samspelstund der P. A. Røstad jr lærer bort minst ein låt frå trønderrepertoaret, og også fortel om særtrekk ved trøndergammaldansen.

Kl 17.00 Ungdomskonserten 

Det kryr av unge som spelar! Konsert med utøvarar under 25 år. Alle instrument og solistar og grupper er velkome. Programleiar er Even Luseter 

Kl 19.00 Festkonsert for P. A. Røstads Orkester

Med P.A. Røstads orkester og påmeldte grupper til ære for årets heidersgjester.  

Kl 21.00 Dans til påmelde grupper og lag 

 

Søndag 23. august

Kl 09.00 Frokost i Rudilåven (Påmelding). 

Kl 12. 00 «Spelmannsmesse i Sør-Fron kyrkje»

Ei skikkeleg spellemannsmesse i Sør-Fron kyrkje har etablert seg som ei fin avrunding på festivalen. I år blir for første gong folkemusikkliturgien komponert av Jo Asgeir Lie brukt i si heilhet. Det blir trekkspel i koret, og trekkspel på galleria, organist Sergey Shulga er med, og saman vil dei løfte taket av Gudbrandsdalsdomen.

Gratis inngang

nygaardfestivalen rudi gard p. a. røstad gammeldansorkester