Elvis - 90 årsjubileum for kongen
Med Ole Jonny Bekkemellem, Tina Lie og husbandet til Bergen Elvis Fest

I 2025 er det 90 år sidan Elvis vart født. Det må vi feire, og vi gjer det i lag med Bergen Elvis Fest! Bli med på ein kveld der den unike musikken til Elvis Presley og hans musikalske røtter og arv står i høgsetet. Elvis skal ha sagt at “The only music that really arouses me other than rock ‘n’ roll is gospel.” Han var også tett på både countrymusikk og rhythm & blues. Difor er musikken til Elvis eit mangfald av musikkstilar og dette mangfoldet kan du oppleva denne festkvelden til Elvis si ære.
Ole Jonny Bekkemellem og Tina Lie er båe frå Gudbrandsdalen, og dei er vokalister med lang fartstid og store merittar.
Bergen Elvis Fest Band er backing for ei rekkje stjerneartistar og har eit fantastisk sound:
Lars Hammersland - bandleiar og tangentmann
Totto Kristiansen - sang og gitar
Erlend Styve – sang og gitar
Kai Taule – sang og bass
Einar Olsson – sang og trommer
Kristin Bergsvik - kor
Helene Nilsen – kor
Elvis – «He was a bundle of energy, set to music, and that echo will never die…»