‘N Jalmar og é – forskjellige, men like læll?
I 40 år har Håkon Sveen og ‘n Jalmar følgt kvarandre. No, like før Håkon rundar 80, gjer han opp status for venskapet.
Informationen
Forestillinga følgjer Håkon og ‘n Jalmar frå dei var gutungar til dei er blitt gamle karar. Håkon tek publikum med frå skulebenken og klebermølla, via fotballbana og plåta, til maskerade, påsketurar og fisketurar med ‘n Jalmar og Olaf. Samstundes fortel historiene om korleis livet i grendene har endra seg, særleg i Kvam.
Mellom forteljingane tek Håkon fram gitaren og syng både gamle og nye songar. Det blir ein kveld med mykje latter, litt skjemt og eit lite stikk av alvor.
Håkon har stått på scena i låven mange gonger før, og no ønskjer han og Øystein Rudi publikum velkomen til gards att.
Einschränkungen
Kjøpte billettar refunderes ikkje.