Nygaardfestivalen 2025: Spel og dansetreff på Rudi Gard

Oddvar Nygaard var den fremste trekkspelaren i Gudbrandsdalen i si samtid. Frå starten dyrka han eit breitt repertoar med underhaldningsmusikk og klassiske verk, og han etablerte slåttestilen innan gamaldansen. Til stor jubel, stappfulle hus, Spellemannspris og heider og ære. Det skulle berre mangle om ikkje Oddvar vart heidra med ein eigen festival i heimbygda, og her er den.

page view image
Event date

Friday 22 Aug 2025 19:00

Ends Sunday 24 Aug 2025 14:00
order

Available items

Gjennomgangsbillett | Ordinær
Gjennomgangsbillett | 25 år - 18 år
Gjennomgangsbillett | Under 18 år
Fredag | Ordinær
Fredag | 25 år - 18 år
Laurdag dagtid | Ordinær
Laurdag dag & kveld | Ordinær
Laurdag kveld | Ordinær
Laurdag | 25 år - 18 år
event image

Event information

Oddvar inspirerte og var kjend med mange, og festivalen skal også heidre andre markante tradisjonsbærarar.  I 2025 er det Jon Faukstad som står i fokus. 

Jon har vore fulltidstrekkspelar heile sitt vaksne liv. Det er i år 60 år sidan han hadde sin radiodebut. Etter det har han vore å sjå og høyre utallige gonger i NRK. Han begynte å spela til dans som 14-åring, etterkvart også med felespelarar, inspirert ikkje minst av Oddvar Nygaard og hans kvartett. Men Jon interesserte seg også for klassisk musikk, og han tok utdanninga si i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo, og i klassisk trekkspel ved Det Kgl. Danske Musikkonservatorium i København. Han har reist verda rundt, både med og utan trekkspel og vart vår fyrste professor i trekkspel ved Norges musikkhøgskole. Pedagogen Jon Faukstad har han forma ei lang og glitrande perlerad av trekkspelarar. Mange av desse får vi møte denne helga. 

Fredag blir det jubileumskonsert for Fron Trekkspelklubb, og dans til påmeldte grupper. Laurdag blir det formiddagsdans, allspel, samtalekonsert, boklansering, ungdomskonsert og festkonsert og dans i to etasjar av Rudilåven. Søndag avsluttar vi helga med spelmannsmesse i Sør-Fron kyrkje.

Vi inviterer til spel og dans, campingliv og natterangling – om du vil!

Les meir: https://www.rudigard.no/nygaardfestivalen

Tags

nygaardfestivalen
rudi gard
jon faukstad
Organizer
Rudi Gard