page view image

Vintersong med Sigrid Moldestad & HazeliusHedin

Sigrid Moldestad, Esbjørn Hazelius og Johan Hedin er kvar for seg kjende som sterke formidlarar på den nordiske folkemusikkscena. Hazelius og Hedin er blant sveriges største folkemusikkstjerner, og med ei ekstra nerve i samspelet berører dei sterkt. Dei turnerer stadig, gjev ut plater og har eit stort nordisk publikum. Det same gjeld Sigrid Moldestad, som også har fleire plater bak seg og er kjent for sterk formidling og rørande sanger.

Information
event image

I konserten «Vintersong» skaper dei varm julestemning med nyckelharper, hardingfeler, gitarar og stemmer. Tradisjonelle julesongar frå det fellesnordiske repertoaret, energisk samspel, eigne viser og historier. Trioen har turnert med julekonsert saman i fleire år både i Norge og Sverige, og i år har dei og med seg den nye juleplata si!

Sigrid Moldestad – sang/hardingfele/fele
Esbjørn Hazelius – cittern/gitar/fele/sang
Johan Hedin – nyckelharpe/cittern/sang



vintersong moldestad hazelius hedin folkemusikk vinter rudi rudigard