page view image

Julekonsert med Fozzajazz

Swingande jul med Fossajazz

Information
event image

I desember inntek storbandet Fossajazz låven på Rudi Gard med svingande julemusikk. Bandet har musikantar frå Ringebu, Sør-Fron, Nord-Fron og Sel, og speler amerikanske julehits frå 1930-talet og framover, i tillegg til andre kjende og kjære julesongar.

Med seg har dei to kjende stemmer frå dalen: Kari Hanne Rudrud frå Fåvang og Ole Jonny Bekkemellem frå Otta.

Vi byr på varm gløgg og noko godt attåt, så kom gjerne tidleg og kos deg framfor peisen før konserten!

rudi gard fossajazz kari hanne rudrud ole jonny bekkemellem

Waiver

Vi refunderer ikkje kjøpte billettar.